• Husbilsklubbens årsmöte och träff år 2024 kommer att hållas i Karlstad 9-12 Maj.
    Mer information och anmälan finns här: Klicka Här för Årsmötesträff 2024
  • Erbjudande på Husbilsklubben.se

    Blir du ny medlem nu i Husbilsklubben.se betalar du ingen anmälningsavgift utan enbart årsavgift 100 kr.
    Du sparar 150 kr på detta och erbjudandet gäller tills vidare.
    Medlemskapet gäller för kalenderåret 2024.
    Mer information finns här: Hur Registrerar jag mig.
    Du slipper också en massa störande reklam eftersom vi är en HELT reklamfri sida.

Kongevegen Vang - Lærdal öppnas

knarrevik

FD HBK Medlem
Inlägg
17.776
Kommun
Lysekil
HBK-Nr
3172
Medlemskap
2022
1-filefjell-kongevegen.jpg


Kongevegen til fots Vang - Lærdal
Den 10 mil lange vandreruta Kongevegen over Filefjell tek deg gjennom nokre av dei vakraste landskapa i Noreg. Frå innlandsbygdene i Valdres via høgfjellet på Filefjell og ned til det tronge og dramatiske fjordlandskapet inst i Sognefjorden. Ei reise mellom landsdelane med den historiske Kongevegen som ein gjennomgåande raud tråd. God Vandring!

Verdt å vite
Alt frå førhistorisk tid har menneska ferdast over Filefjell, og i mellomalderen var vegen rekna som den mest nytta fjellovergangen mellom Aust- og Vestlandet. Fleire av sagakongane våre reiste over fjellet, om lag i same leia vi nyttar i dag.

Med Kongevegen over Filefjell frå 1790-åra vart den gamle ride- og kløvvegen erstatta av ein fire meter brei veg der ein kunne køyre med hest og kjerre. Den nye høgfjellsvegen mellom Vang og Lærdal utgjorde det mest spektakulære partiet av den Bergenske Kongeveg. I dag er vegen eitt av dei finaste veghistoriske kulturminna i landet.

Kongevegane er ein del av den dansk-norske kulturarven vår. Omgrepet er brukt om dei viktigaste hovudvegane som vart bygde om til køyrevegar på 16- og 1700-talet. Med veglova av 1824 fekk desse vegane namnet hovudveg, som i praksis svarar til vår tids Europavegar.

Heilt frå mellomalderen hadde ruta over Filefjell rykte på seg for å vere blant dei vanskelegaste og farlegaste i landet. Det var stor trong for forbetringar, slik at tilhøva for transport av folk og varer vart lettare, ikkje minst for dei mange offentlege tenestemenn som stadig farta i embets medfør.

Kongevegen over Filefjell var eit storstilt samferdsletiltak i si samtid. Vegen er bygd etter dåtida sin ideologi for vegbygging – «det franske prinsipp» - med mest mogleg rett lineføring, god drenering og ei godt oppbygd vegbane. Slik starta ingeniørane sin tidsalder, som frå no av skulle reformere den moderne vegbygginga.
 

knarrevik

FD HBK Medlem
Inlägg
17.776
Kommun
Lysekil
HBK-Nr
3172
Medlemskap
2022
Sv: Kongevegen Vang - Lærdal öppnas

Q1Sa6Nai1phTDbjXraNNEgJ7FCpOOX1PcpmmrCzoeSPg


Sju år, 20 millionar kroner, 40 sherpaer og 20 000 arbeidstimar har gått med til å ruste opp tre delstrekningar av den historiske vegen. Kongevegen vart beordra bygd av kong Christian VIII og var den første køyrevegen mellom aust og vest i Norge, bygd frå 1793 og utetter.
 
Toppen